Stolt Solvår Lyrics

Stolt Solvår Lyrics

Stolt Solvår døydde i tvinga kår.
Det ingen i elskhugen gløymde.
Ho burte blei i sin fagre vår.
Så vondt om henne dei drøymde.

Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei vendas

I grava falma dei rosekinn
som valden gav slik ein lagnad.
Men enn ho stråla i saknesinn
så verdig i all sin fagnad.

Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei vendas

Rykte det gjekk om den daude.
Mordaren stakk og blei i det aude.
Bygda/folket syrgde slikt kunne hende
at fagre Solvår slik skulle ende.

Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei…

Langt av leid,
høgt ivi heid,
glødde så blodige skyer.
Vissa er vill.
Natta så still.
Det er som allting lyder.

Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei vendas