Tonen Tekst

Tonen

Tonen handlar eigentleg om det som ligg, latent og ibuande, i sjeler. Liv og lære som har i seg rike arvemine og, som samstundes, higar vidare i tradisjonsarv og atterføding av  utøvande eigenskaper. Den som er gripen av musikk kjenner det å spela og synge som eit naudsynt kall liksom kjærleiken berre kan få uttrykk i beundring og elsk. Å evne noko i kunst er, på mange måtar, å kunne handle like mykje ut frå fantasi og draumeliv som ut frå medveten lærdom. Løyndomane og gåtene fødest på nytt som vårane i kvart einaste år, og om noko nytt kjem til, så har det likevel i seg historien, som    evulosjonen tilseier.

(Gåte, Knut Buen)

Omatt det mel nett liksom gauken gjel litt av ein song kanskje om elsk ein gong?

Gåtene gryr oppatt i folk og dyr Let og gjeng att Luskar i løyndarnatt

Vinn ikkje fred utan at einkvan kved Tonane må tolkast av hjartetrå

Tenke seg til lyt ein kva tonar vil Liksom ei drakt tener i ulik pakt

Hige og hong søker å bli til song Framtida finn å minne på seg i sinn

Bilete sviv innom, slik draumar driv Byter natur etter kor tonen bur

Noko i ein vil attende Ane kva i duldo hende når den songen tona inn som syng i sinn

Kjelder som kvarv lutrar i art og arv Spirer og gror meste forutan ord

Vise og slått sullar i sogehått Lyder av trong avla i elsk ein gong

Omatt det mel nett liksom gauken gjel litt av ein song kanskje om elsk ein gong?

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film