Svevn Tekst

Svevn

Svevn handlar om kor det er godt å kunne sova seg burt frå smerte, turbulens og krav i det medvetne og vakne liv. Korleis ein i draumar og umedveten tilstand kjem inn i eit heilt onnorleis tilvere  der handling er noko nytt og uventa kvar einaste gong. Ingen har same draumar. Det blir noko personleg og originalt kva alle drøymer. Og til slutt så er den store svevnen å kunne kvile også frå draumane.

(Gåte, Knut Buen)

Kom svevn og sval meg smertefri i vogga vesol vitrar Fred har alt som er forbi der livet lid og kvitrar For sut og lukke er av tid.

Kom kvil og kvelde ifrå kav til roa røynda reier Alt som sev er utan krav på veg til det som teier For svevnen jamnar som eit hav

Ei dimme møter kvar og ein som er på veg attende Der allting i ei klåre skein ligg skodde kringom hende For myrker legg seg over mein

Det kjem til vaketid og gaum i grenselause tankar Der sansing i ein minnestraum seg i bilete sankar For, meir og meir, blir livet draum

Ei soge bur i alt av liv frå folk til kryp og blomar men inkje alt si soge skriv som berre eig ein somar For fagerdomar innom sviv…

Kom svevn og gjer meg heilesæl på ferda inn i stilla Lat meg kjenne i mi sjel eg vengestig or villa For svevnen gåtesvar fortel

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film