Isdalskvinnen Tekst

Isdalskvinnen

Isdal er ein øyde dal, men eit nytta turområde, i nærleiken av Svartediket ved Bergen by. Ein far med to barn gjekk ein sundagstur i desse traktene da den eine, mindreårige dottera plutseleg merka at det låg reistar av eit lik i ei røys framom henne. Liket bar tydelege merke etter å ha blitt forsøkt brendt, og det blei rapportert til kriminalpolitiet om eit mogeleg drap. Alle identitetsmerke var imidlertid fjerna frå den døde. Etterforsking pågjekk i lange tider og det blei funne ut at liket var av ei jente av utanlandsk opphav. Likevel har inga forsking funne ut kven den døde eigentleg er. Historien ligg til grunn for teksten i denne songen. Og konklusjonen er som fylgjer: «For Isdalkvinna har ingen gråte, men alle er me vår eiga gåte».

(Gåte, Knut Buen)

Det spørs ei gåte omkring ei kvinne som var i Isdalen daud å finne Der vonde minne er grodde inne

Eit lik av jente, så kvesta, kverka imellom steinar låg brennemerka Det var så bannlyst det heile verka

Kven var den døde og røyselagde som så med spora og opphav tagde og aldri namnet sitt likeins sagde?

Gud hjelpe sjeler som herom fer Kring Svartediket der dauden er

Var ho ein flyktning frå sjølve livet som ikkje ville ha noko skrive Den dag ho måtte til dauden trive?

For lygn og sanning har kvar sin måte For Isdalkvinna har ingen gråte For einkvar grundar me på ei gåte

Gud hjelpe sjeler som herom fer Kring Svartediket der dauden er

For lygn og sanning har kvar sin måte For Isdalkvinna har ingen gråte Og alle er me vår eiga gåte

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film