Fanitullen Tekst

Fanitullen

Fanitullen er ein hardingfeleslått som blei høyrt frå ølkjellaren i eit brudlaup i Hol i Hallingdal, i året 1727. Der kom det til eit blodig slagsmål og sonen til lensmannen i distriktet drap ein soldat med kniv i det slagsmålet. Spelemannen i brudlaupet var også skjenkar, og han gjekk ned i kjellaren for å tappe meire øl til vinnaren i slagsmålet, da han merka at sjølve Djevelen sat på øltunna i ei blå ljoske og spela ein vill halling han aldri hadde høyrt før. Spelemannen blei skremd og sprang oppatt i gjestebodsstoga der drapet hadde nyleg hendt. Frå kjellaren lyddest fortsatt den ville slåtten, og i ettertid hugsa spelemannen kva han høyrde og gav musikken namnet Fanitullen. I den moderne Gåte-utgåva av Fanitullen er teksten relatert til krig og strid mellom kulturar og folk i vår tid. Det vil sei at Fanitullen vil lyda i alle samanhengar der menneske drep kvarandre. Djevelen spelar alltid  si rolle som antipatien mot liv laga.

(Gåte, Knut Buen)

I desse traumetider kor makt i ørske rår Og ragnarok på nyom kan skapa pinekår Der menneske som jotnar kan kjempe gudar ned Og berre domedagen kan gjeva varig fred

Står det eit blodig brudlaup på denne vesle jord Der mørkemakter kjempar mot dei som er av sol Og fatige må lide for dei som har det flott Frå livsens mørke-kjellar det lydest enn ein slått

Der svik og svartsjuke er som grøde Som veks av udådar, drap og døde Der hat og rovlysten ligg på lur Og valdar livet bak lås og mur

Der lyder slåtten av skrik og pine Frå spelemannen i blåne-skinet Om noko lukkast og står til liv den aggen atter til vanvet driv

Det bit og knasar i bein og krafsar Med kjøtermunnar som blodet slafsar Av heilt uskuldige, tekne att Og strupekvelte i ævig natt

Den må seg fredlaus til grava slepa Som søkjer sæla i det å drepa Kvar gong ein kvitkledd er kjempa ned Da finn den svarte i slåtten fred

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film