Bannlyst Tekst

Bannlyst Lyrics

Dei fleste har vel høyrt skjellsord som rakkarunge, byting, djevelunge, dritunge, trollunge og moderne variantar som «mongo» og «sjuk i hue». Urolege barnekroppar, forma psykisk av ulike lagnader og problemer i slektsarv, får gjerne skulda for ugjerningar og uro i samfunnet. Døma er høgst aktuelle. Men utagering har fleire sider. Ivar Aasen svara ved eit høve han fekk høyre om ein ung ven som hadde gjenge berserkgang i fylla på Karl Johansgate: « Det er kipnaste folane som blir beste hestane!» Men i uhilda høve blir det alltid leita etter skuldige. Skuld, straff og dom fører jamt til endelege bannlysingar. Men ikkje alt i livet treng vera til ende med feilsteg. Det finst ein veg vidare om ein vil sjå framover med folk.

(Gåte, Knut Buen)

Trolla i verda dei tener til nytte Sume dei seier at borna er bytte Trua på vonde blir halden vedlike Alt som er gale er mynta på slike

Trolla må svara for seg og dei hine Vonde og gode dei syrjer for sine Det seiest at trolla i sola kan sprekke Men sola ho tener til alle sitt tekke

Gode å ha! Skulda må trollungen ta!

Trolla i verda dei tener til nytte Gode å ha! Sume dei seier at borna er bytte Skulda må trollungen ta! Trua på vonde blir halden vedlike Gode å ha! Alt som er gale er mynta på slike Skulda må trollungen ta!

Trolla må svara for seg og dei hine Vonde og gode dei syrjer for sine Det seiest at trolla i sola kan sprekke Men sola ho tener til alle sitt tekke

Sola deler med seg over alt Sola deler med seg over alt Sola deler med seg over alt Sola deler med seg over alt

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film