Alvorsleiken Tekst

Alvorsleiken

«Livets dans» er eit mykje nytta begrep i høve samliv, kjærleik og lagnader. Dans er i utgangspunktet tenkt og praktisert som uttrykk for taktfull livsglede, men med tanke på at me alle har ei tilmålt livstid, så dansar me eigentleg i glade stunder, samstundes, med døden. Det er grunnlaget for tittelen på denne songen. Det er tale om ein leik som har alvoret som eit underliggande element i seg, når alt kjem til alt. Det lurar vonde hende og endetid i alskens fagerdom og lukke også. Ingen veit når lukke lyg.

(Gåte, Knut Buen)

Leik blir kamp der gunsten kalla og, med den, kan mykje falla Svermen kringom vakre viv styrer om det stend til liv

Mang ein rømer alvorsleiken burt frå kamp og taparsmeiken Ser til von i onnor tru Finn til fred i einebu

Liva svermeøre sansar og med daudardomen dansar Liva svermeøre sansar og med daudardomen dansar

Lukka må seg sjølv oppdaga Liva er ‘kje likeins laga Alvorsleiken i natur skil på kva som i han bur

Fagerdomen pyntar stupa Alt som speglar løyner djupa Svika inn i sæle smyg Ingen veit når lukke lyg

Liva svermeøre sansar og med daudardomen dansar Liva svermeøre sansar og med daudardomen dansar

Liva svermeøre sansar og med daudardomen dansar Liva svermeøre sansar og med daudardomen dansar

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film