Stolt Solvår Tekst

Stolt Solvår

Om eit menneske er født vakrare enn vanleg, så blir også denne personen gjerne eit objekt for begjær og avstandselsk. Uoppnådd elskhug endar difor ofte med vald og valdtekter. Syn på kvinnerolla er svært samansatt i verda, ja, mykje urettvis, i både religiøse, juridiske og politiske samanhengar. Når barn blir resultat av valdtekt blir også kvinna den som må gjera største offeret. Stolt Solvår  handlar om ei jente som ikkje rakk å få leva livet avdi ho blei skjenda og drepen i begjerleg handling. Og med det blei også mange som elska ho, i ærleg beundring, verande med stort sakn og nådelaus sorg.

Stolt Solvår døydde i tvinga kår. Det ingen i elskhugen gløymde. Ho burte blei i sin fagre vår. Så vondt om henne dei drøymde.

Aia- dei syndi kan ei vendas Aia- dei syndi kan ei vendas

I grava falma dei rosekinn som valden gav slik ein lagnad. Men enn ho stråla i saknesinn så verdig i all sin fagnad.

Aia- dei syndi kan ei vendas Aia- dei syndi kan ei vendas

Rykte det gjekk om den daude. Mordaren stakk og blei i det aude. Bygda/folket syrgde slikt kunne hende at fagre Solvår slik skulle ende.

Aia- dei syndi kan ei vendas Aia- dei syndi kan ei…

Langt av leid, høgt ivi heid, glødde så blodige skyer. Vissa er vill. Natta så still. Det er som allting lyder.

Aia- dei syndi kan ei vendas Aia- dei syndi kan ei vendas

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film