Draumefanga Tekst

Draumefanga

Vonde vette, fossegrim, nøkk, trollskap, hulder og underjordiske skapningar høyrer med til førestillingar i tradisjonell norsk folketru. Serleg ligg slike opplevingar til metapsykisk liv i mystisk villmark, langs vassdrag, elvestryk og fossar. Førestillingane blir verkelege om folk blir fanga av fantasifoster, hallusinasjonar og draumesyn. Ein kan kanskje, i visse tilfelle, tala om psykotiske tilstandar der folk er heilt hypnotiserte av natur og sinnsstemningar og på den måten blir verande i mytisk oppfatning av å vera til. Men det eventyrlege og romantiske ved dette vil likevel gjera sitt til at sume menneseke på ein måte søker til desse tilstandandane, av trong til spaning og aning mellom det kroppslege og åndelege liv. Kanskje er slikt livsinnhald meire «normalt» enn kva mange trur…

Mørkret meg fangar og stel mine sansar. Bordelangs elvstryket grimen eg ansar. – Krattskogen kjæler med lauvskrudde kransar – Viklar meg inn i eit villvove spinn

Sinnet blir eins med det duldande svarte. – Tromminga stig frå mitt mørklagde hjarte. Anar at dansen med vetter vil starte.- Viklar meg inn i eit villvove spinn

Natta er lang og på otte vil byde. – Livet i kring meg, eg høyrer det lyde, lite eg ser av dei ting eg må tyde. Viklar meg inn i eit villvove spinn

Skrik utor villmarka, vindborne gjallar. Steinar i frosstryka stikk opp som skallar. Gåte det er om det skræmer hell kallar. Viklar meg inn i eit villvove spinn

Burte er blomar og formene, fine. Løynde kvar einaste menneskemine. berre i mørkret kan stjernene skine.

Viklar meg inn i eit villvove spinn

Copyright © 2019 Gåte | Gåte.com by Ragnarok Film