Tonen Lyrics

Tonen Lyrics

(Gåte, Knut Buen)

Omatt det mel
nett liksom gauken gjel
litt av ein song
kanskje om elsk ein gong?

Gåtene gryr
oppatt i folk og dyr
Let og gjeng att
Luskar i løyndarnatt

Vinn ikkje fred
utan at einkvan kved
Tonane må
tolkast av hjartetrå

Tenke seg til
lyt ein kva tonar vil
Liksom ei drakt
tener i ulik pakt

Hige og hong
søker å bli til song
Framtida finn
å minne på seg i sinn

Bilete sviv
innom, slik draumar driv
Byter natur
etter kor tonen bur

Noko i ein vil attende
Ane kva i duldo hende
når den songen tona inn
som syng i sinn

Kjelder som kvarv
lutrar i art og arv
Spirer og gror
meste forutan ord

Vise og slått
sullar i sogehått
Lyder av trong
avla i elsk ein gong

Omatt det mel
nett liksom gauken gjel
litt av ein song
kanskje om elsk ein gong?