Svevn Lyrics

Svevn Lyrics

(Gåte, Knut Buen)

Kom svevn og sval meg smertefri
i vogga vesol vitrar
Fred har alt som er forbi
der livet lid og kvitrar
For sut og lukke er av tid.

Kom kvil og kvelde ifrå kav
til roa røynda reier
Alt som sev er utan krav
på veg til det som teier
For svevnen jamnar som eit hav

Ei dimme møter kvar og ein
som er på veg attende
Der allting i ei klåre skein
ligg skodde kringom hende
For myrker legg seg over mein

Det kjem til vaketid og gaum
i grenselause tankar
Der sansing i ein minnestraum
seg i bilete sankar
For, meir og meir, blir livet draum

Ei soge bur i alt av liv
frå folk til kryp og blomar
men inkje alt si soge skriv
som berre eig ein somar
For fagerdomar innom sviv…

Kom svevn og gjer meg heilesæl
på ferda inn i stilla
Lat meg kjenne i mi sjel
eg vengestig or villa
For svevnen gåtesvar fortel