Draumefanga Lyrics

Draumefanga Lyrics

Mørkret meg fangar og stel mine sansar.
Bordelangs elvstryket grimen eg ansar. –
Krattskogen kjæler med lauvskrudde kransar –
Viklar meg inn
i eit villvove spinn

Sinnet blir eins med det duldande svarte. –
Tromminga stig frå mitt mørklagde hjarte.
Anar at dansen med vetter vil starte.-
Viklar meg inn
i eit villvove spinn

Natta er lang og på otte vil byde. –
Livet i kring meg, eg høyrer det lyde,
lite eg ser av dei ting eg må tyde.
Viklar meg inn
i eit villvove spinn

Skrik utor villmarka, vindborne gjallar.
Steinar i frosstryka stikk opp som skallar.
Gåte det er om det skræmer hell kallar.
Viklar meg inn
i eit villvove spinn

Burte er blomar og formene, fine.
Løynde kvar einaste menneskemine.
berre i mørkret kan stjernene skine.

Viklar meg inn
i eit villvove spinn